Olav Haraldssons fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030 og helgenkåringa i Nidaros året etter vart heilt avgjerande for framveksten av det norske riket, både politisk, religiøst, rettsmessig og kulturelt.

Det blir no lagt planar for ei storslått feiring av dette i eit 1000-års nasjonaljubileum i 2030. Men feiringa startar alt i 2024, for da er det 1000 år sidan kristenretten vart vedteken på Mostratinget i 1024.  For prosessen med å samle Norge til eitt rike var det som skjedde der (og litt seinare på Frostatinget for Trøndelags del) minst like viktig som både Harald Hårfagres siger i slaget i Hafrsfjord og Olav Haraldsons nederlag i slaget på Stiklestad.

– Olav Haraldssons fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030 og helgenkåringa i Nidaros året etter vart heilt avgjerande for framveksten av det norske riket, både politisk, religiøst, rettsmessig og kulturelt, skriv Øystein Flø. Foto: Illustrasjon av Halfdan Egedius

Olav Haraldsson (den heilage) kom til Norge omkring 1015 og hadde då med seg biskop Grimkjell frå England. Kong Olav ønska å organisere kristendommen over heile landet, og difor måtte han fremje saka for dei norske lagtinga, som ved Mostratinget i 1024.

«Dette er det fyrste i lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og beda til den heilage Krist om godt år og fred og om at vi må halda landet vårt bygt og ha kongen vår lukkeleg, han skal vera vår ven og vi hans vener, og Gud skal vera ven til oss alle…. Det neste er at vi skal halda oppe alle dei kyrkjer og den kristendom som Olav den Heilage og Grimkjell biskop fastsette på Mostratinget».

– For min del har eg tenkt på å utfordra prestane i prostiet til å regelmessig ta opp og snakke om desse verdiane i 2024. Verdiane som også kan kallast Guds døtre: miskunn/barmhjertighet og sanning, rettferd og fred. Måtte vi alle lytte til dei i vårt møte med andre menneske, skriv Øystein Flø, prost i Gauldal prosti. Foto: privat

Slik lyder det i Gulatingslova, som gjaldt for det meste av Vestlandet. Denne lova er den eldste norske landskapslova, ja den eldste skriftlege lovboka i Norden.

Det er i dag vanskeleg å fatte kva for ei radikal endring kristninga av samfunnet var. Fram til den tid var styrke og makt det som gjaldt framfor alt, og makt gav rett. Men med kristninga vart makta underordna retten, og retten var noko som sprang ut av Guds vilje og ikkje av forhold mellom menneske. Olav tapte både makta og livet på Stiklestad, men ved helgenkåringa året etterpå vart det klart at han likevel hadde retten til å kallast Norges evige konge.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie og har forska mykje på denne overgangen som innføringa av kristenretten var. Han skriv om kva det førte til når ein tek inn over seg denne tanken om at retten skal stå over makta. Det førte til at herren si makt over trælen vart redusert, og til slutt vart denne forma for slaveri avskaffa. Fedranes og brørnes makt over kvinner vart redusert. For eksempel måtte kvinna etter kvart gje sitt samtykke til ekteskap, ho var ikkje lenger underlagt ættas mannlege overhovud. Den rike si makt over den fattige vart redusert, og etter kvart fekk ein innført ei almisseplikt, opphavet til dagens sosiallovgjeving. Og hemnretten, sjølve grunnpilaren i det førkristne norrøne rettssystemet i vikingtida, vart erstatta av kongen si plikt til å sikra Guds fred.

Det er klart at dette tok tid. Først 250 år seinare kan ein seia at den lovmessige samlinga av Norge til eitt rike, som Olav den heilage hadde starta, vart fullført. Kong Magnus Håkonson, med tilnamnet Lagabøte, reviderte og samla dei ulike landsdelslovene til ei felles norsk lov i Landslova av 1274.

Kong Magnus Lagabøte var oppteken av at dommarane ikkje måtte vera verken for milde eller for strenge. Han talar om at dommarane, før dei dømmer, må lytte til alle Guds fire døtre som er omtala i Salme 85,11: «Miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre». Slik kan ein sjå at det er kristenrettens vekt på at alle menneske er skapt av Gud og at lova må sikra rettane også til menneske utan makt som er styrande for kongens lovarbeid. Dette førte til betre forhold for kvinner, barn og fattige. Denne lovboka kan vi altså også feire 750-årsjubileum for i 2024. Eg vil håpe og tru at dette må bli eit viktig tema både å feire og å tenkje over i 2024, ja også i 2030 og i alle åra imellom.

For min del har eg tenkt på å utfordra prestane i prostiet til å regelmessig ta opp og snakke om desse verdiane i 2024. Verdiane som også kan kallast Guds døtre: miskunn/barmhjertighet og sanning, rettferd og fred. Måtte vi alle lytte til dei i vårt møte med andre menneske.

Øystein Flø

Prost i Gauldal prosti