Denne gongen er det møte med tekster og menneske frå andre land og kulturar som er tema, fortel arrangørane i ei pressemelding.

Til Litterær salong kan ein ta med tekst(er) ein vil dele med andre – eller berre lytte. Litterær salong blir leia av Gunnvald Bøe, assistert av Kristine Kaasa Moe.

Som alltid er det kaffi, te og kaffebrød i den vakre, blå stova i Låna, Hovdenstova.

ONSDAGSKVELD: Denne gongen er det Oddrun Duesten som skal fortelje om Språkkafeen i Melhus.

Etter ein liten pause, startar Onsdagkveld i Låna. Denne gongen er det Oddrun Duesten som skal fortelje om Språkkafeen i Melhus. Språkkafeen, som held til i Melhus bibliotek, er ein stad der ein kan møte nye menneske, lære – og lære bort – samstundes som ein har det hyggjeleg og meiningsfullt.

Dette blir Onsdagkveld i Låna nr 293 i ubroten rekkefølgje. Det begynte for 26 år sidan og har gått som ein fast møteserie, utan unntak, desse åra. Det er Prestegårdslånas Venner som er ansvarleg arrangør.

Møta i Litterær salong, Onsdagskveld i Låna og Klassisk huskonsert er alltid gratis, og alle er hjarteleg velkomne, melder arrangørane.

LEIAR: Litterær salong blir leia av Gunnvald Bøe. Foto: Trønderbladets arkiv