Du kjære nye år, så stilt du tok imot oss

lite ståk og jammer, - ikkje ein vilter foss.

Som du ville trekke pusten eit lite sekund,

for å samla alle saman til ei alvorsstund.

-

I dag er verda full av strid og harde ord,

at det skal væra så trasig å leva på jord!

Oss kan godt gjera året til det som oss vil,

da må oss vandre saman med kjærleik til.

-

Oss veit det er mykje oss forlange tå deg,

er så stutt til hendingar, som set sitt preg.

Kjem rett i auga, samstundes som det skjer,

kunne ynskje at det ikkje fanns TV-ar mer.

-

Men håp og kjærleik kan strekkja grenser,

kan handle slik at ein det andre ikkje enser.

Vær god med din ven, så godt som du kan,

det vil avla trøyst og glede rundt i alle land.

-

Tenk om oss kunne samlast til desse ord:

«Nå har oss kome langt, det er fred på jord».

Der folk kan leva ilag utan stengte grenser,

og er forbod mot ondskapsfulle presidenter.