Sumaren 2014 opplevde eg endeleg at ein stor draum gjekk i oppfylling. Eg fekk koma til Melhus og sjå den mektige melhuskyrkja.

Årsaki til at eg hadde slik hug til å sjå denne kyrkja, var at det var ein slektning av meg som hadde vore byggmeister der. Eg hev lese jubileumsboki som kom ut i 1992, men der var det heller lite å lesa om byggmeisteren, Knut Guttormsen. Difor vil eg fortelje stutt om han.

Knut Guttormsen var fødd på husmannsplassen Sigurdstøyl i Morgedal, Sondre Norheims fødebygd i Vest-Telemark, i 1830. Han vart konfirmert i Kviteseid kyrkje i 1845. Same året reiste han heimanfrå og inn til Kristiania der ein eldre halvbror hadde slege seg ned tidlegare.

Knut arbeidde fyrst som steinhoggar og murar og var med på å byggje brui over Sarpsfossen i Sarpsborg. Der trefte han og ho som skulle bli kona hans, Sofie Andersdtr. Haugaskjæret frå Tune i Østfold. Ei tid arbeidde han også på Gamle Aker kyrkje.

Tidleg på 1860-talet flutte familien til Trondheim der han fekk fleire store byggjeoppdrag. Etter kvart vart han tilsett som byggjeleiar for restaureringsarbeidet ved Nidarosdomen. Dette arbeidet hadde han i fleire år.

Storverket i Melhus

Slik fekk eg taka bilete av døypefonten. Dagen etter, sundag 10. august, var me til stades under høgmessa i Melhus kyrkje. Det var barnedåp denne dagen, og me fekk sjå døypefonten i bruk. Draumen hadde gjenge i oppfylling. I strålande fint sumarver hadde me fenge opplevd bygdi Melhus og den storslegne kyrkja der. Det var to lukkelege menneske som kunne byrje på turen heimover til Telemark. Om lag 65 mil hadde me føre oss å køyre.

Slekt

Knut Guttormsen døydde i Trondheim i 1900 og er gravlagd på Tilfredshet kyrkjegard der i byen. Richard Gotfred var fødd i Kristiania i 1855 og døydde i Trondheim i 1938. Han var ugift. I familien min hev me hatt bilete av både Knut og kona hans og dei fem sønene deira. Alle bileti er tekne i Trondheim i 1880. No er dei i mi eige.

Med helsing og takk til alle i Melhus frå Torunn og Arne T. Aabø, Lårdal i Telemark, august 2017.

DÅP: Døypefonten er laga av eldste son til Guttormsen, Richard Gotfred Guttormsen. Foto: Gunn Heidi Nakrem
BYGDE KYRKJE: Knut Guttormsen.
SON: Eldste son til Guttormsen, Richard Gotfred Guttormsen, laga døypefonten.