Stiftinga Norsk Villaksforvaltning rosar forvaltninga av villaksen i Gaula og Orkla.

Stiftinga Norsk Villaksforvaltning (SNVF) synest at det er ubehageleg å bli tatt til inntekt for Per og Jan Waage sine synspunkt på forvaltninga av villaksen i Gaula og Orkla. Som dagleg leiar har eg behov for å gi uttrykk for dette:

SNVF legg seg ikkje borti korleis villaksen blir forvalta i Gaula og Orkla. Dette er det   grunneigarane, elveeigarlaga og offentlege myndigheiter som bestemmer.

Gaula og Orkla har dei to siste åra gjort nødvendige grep for å sikre at dei skal nå gytemålet for elvane. Dvs. at det skal vere nok gytefisk for å utnytte elva sinn optimale produksjonskapasitet. I 2014 viser fangststatistikken at dei to elvane har sett tilbake over 50 % av laksen som har blitt fiska. For mellom og storlaks som er den viktigaste gytelaksen er  utsettingsprosenten imponerande høg rundt 60 %. Få elvar i Noreg kan vise til noko tilsvarande.

I ei tid der villaksen har utfordringar grunna sviktande mattilgang i havet, problem som fylgje av lakselus, for høgt uttak av gytelaks frå elvane osv. har dei to elvane tatt ansvar for elvefasen villaksen si fødestove og barnehage. Rydda opp i eige reir. Gratulerer.

Effekten av tiltaka som elveeigarlaga i Gaula og Orkla har gjor vil på sikt bli dette: Meir villaks i elva, betre fiskeopplevingar for lokale og tilreisande sportsfiskarar og auka verdiskaping for lakseturismen i området.

Tilsvarande utvikling som det har blitt i SNVF si pilotelv Nausta i Sogn og Fjordane etter at det vart innførte ein ny kvotemodell for villaks i 2008. Modellen vart innført etter at uttaket av stor laks i dårlege lakseår hadde vore for stort med den kosekvens at gytemål ikkje vart nådd.

Kvota i Nausta er todelt. Sesongkvote for heile elva på laks over 3.0 kilo som blir fordelt likt mellom tre område i elva og personleg døgnkvote på ein smålaks. I snitt har 64 % av laksen over 3.0 kilo blitt sett tilbake i elva og over 30 % av smålaksen dei 7 åra som modellen er utprøvd. Det har gitt ein årleg teoretisk auke på 20.000 lakesmolt på 11.5 km. lakseførande elv. Elektrofiske viser at Nausta no har ein stabil og svært god produksjon av alle årsklassar av småfisk. Gytemålet dei siste åra er oppnådd med god margin.

Betre forvaltning av villaksen i Nausta har ført til auka i tilstrøyming av sportsfiskarar og omsetning for lakseturismen, samtidig som elva er tilgjengleg for ulike kundegrupper. Grunneigarsamarbeidet er blitt betre noko som har gitt seg utslag i at fleire grunneigarar deltar i forvaltninga av villaksen og tilrettelegging av tiltak innan lakseturismen. Laksetrapper er blitt restaurert, fine fiskehytter er bygt, vegetasjonen langs fiskestiar er blitt pleie ol.

Då Nausta innførte den nye kvotemodellen i 2008 var det mange grunneigarar og sportsfiskarar som var skeptiske og usamde i dette. I dag er ingen som vil skru tida tilbake.

Stiftinga Norsk Villaksforvaltning ynskjer Gaula og Orkla lykke til med den gode forvaltninga av villaksen som dei har tatt initiativet til. Lokale og tilreisande sportsfiskarane kan på sikt sjå fram til meir villaks i dei to elvane noko som gir betre fiskeopplevingar. Grunneigarar og andre som er engasjert i lakseturisme kan sjå fram til auka verdiskaping. Alle blir vinnarar.

Atle Frøysland, dagleg leiar i Stiftinga Norsk Villaksforvaltning