Skrevet av Reidar Almås:

På Facebook-gruppa «Fiber til alle i Melhus», som alt har 433 medlemmar, etterlyser Jonny Martinussen «historier om hvordan dårlig/manglende nett påvirker din hverdag.» Dei siste åra har vi, som bur i Lufallsgrenda på Jåren/Hølonda, hatt brot i breibandsambandet minst ein gong i året. Når reparatøren dukkar opp, kan han fortelje at «det er berre slik det er, her på strekninga Korsvegen- Jåren. Kopparnettet er gammelt og skrøpeleg, og når det er skikkeleg regnver, blir det lett brudd på linja. Men Telenor har ikkje tenkt å legge fiberlinje. Eg trur at dei snart kjem til å kutte ut Jåradalen».

No har det altså skjedd: Telenor kjem til å kutte oss ut. Som det står i brevet til oss i Lufallsgrenda: «Bredbåndet du har i dag er levert på utgående teknologi og vi har også avdekket at linjen ut til deg har dårlig kvalitet. Telenor kan dessverre ikke tilby å oppgradere eksisterende løsning, eller rette på fysiske feil på kabelen i fremtiden.» Lenger nede i brevet anbefaler Telenor «å bytte til Mobilt Bredbånd». Det betyr at vi som har dårleg mobildekning, vil miste all tilknytning til Internett.

I Gaula 21.6. uttaler IT-sjef i Melhus Geir Wormdal at Melhus «slåss med hele landet om midler». I same intervju går det fram at Melhus kommune løyver 500.000 kroner pr år til utbygging av mobil og breiband. Kva er vel ein halv million, i eit kommunebudsjett som nærmar seg ein og ein halv milliard? Breiband og mobildekning er ein viktig infrastruktur for heile landet, like viktig som veg, skole og eldreomsorg. Utan godt breiband får viktige bedrifter ikkje utført arbeidet sitt, ungar får ikkje gjort leksene og heimeomsorgen vil ikkje kunne fungere, når vi skal bu heime til vi blir 100 år.

Kor er politikarane i denne saka, som let ein byråkrat uttale seg, mens breiband til alle i Melhus er eit politisk prioriteringsspørsmål. Når ein snakkar med fleire av dei, høyrest dei nesten ut som informasjonsavdelinga i Telenor. Men er det ikkje folket som eig Telenor? Og burde ikkje da folkets representantar stå opp for vår sak: Breiband til alle! Det er ein viktig verdi i Norge at heile landet skal ha same servicenivå. Det er det ikkje i dag.

I Sverige har dei vedtatt at 100 prosent skal ha breiband på minst 100 Mbit/s seinast i 2025. Her i Norge vil vi har problem med å oppnå 90 % høghastighets breiband innan den tid, om utbygginga skal gå med dagens hastighet. Når eg fortel folk i sentrale strok at vi ikkje har breiband her på Hølonda, 45 km frå Trondheim, så trur dei nesten ikkje på meg. At det går an, seier dei vantru.

Så spørsmålet mitt til «våre» politikarar i kommunestyre, fylkesting og storting: Gjøran Berg Ønsøyen, Bente Estenstad, Gunn Iversen Stokke og Guro Angell Gimse (berre for å nemne fire politikarar frå ulike parti som eg kjenner):

Kva vil du som folkevalgt gjera for å få fortgang i utbygginga av høghastighets breiband i vårt distrikt?