1. Du skal ha smart-telefon

2. Du skal ha PC

3. Du skal meistre å bruke tekniske nyvinningar

4. Du skal tvinge skjelvande hender

5. Du skal forstå at dei sterke eig verda

6. Du skal gjere som dei sterke seier

7. Du skal godta at du elles skal diskriminerast

8. Du skal slutte å tru at du er nokon

9. Du skal slutte å seie at du bygde landet

10. Du skal slutte å tru at kviledagen er heilag

Brit Inger Granmo Aune

Brit Inger skriv også dette: I lang tid har eg lese om alle Appar ein må ha for å bli behandla som fullverdig menneske når ein kjem til ei butikk-kasse. Utan APP får ein ikkje tilboda.

Mange eldre får heller ikkje no vete kva dei får i pensjon, kva dei betalar i skatt m.m. -  av den enkle grunn at dei ikkje meistrar den moderne teknikken tida er full av.

Fleire har skrive gode innlegg i avisene om stoda, men har det hjelpt? Nei.

Eg har derfor vald å late meg inspirere både av dei ti bod og av Bjørneboe, og her legg eg ved det eg har skrive.