Det seier regionleiar Per-Arne Lillebø i ei pressemelding etter kampanjen onsdag til laurdag. IOGT Region Midt-Norge stod på stand i Rørvik, Namsos og Melhus. Der delte organisasjonen ut vel 1.000 einingar med alkoholfri drikke, og fekk fleire nye medlemer.

- Eg har stått på stand i mange år, men så mykje folk som var innom oss og slo av ein prat i Rørvik, har eg ikkje opplevd tidlegare, seier regionleiar Per-Arne Lillebø.

Det var sommarkampanjen «Fyll ferien» som var i fokus på standen, altså dette å gje born gode alkoholfrie soner om sommaren i fint samspel med vaksne.

Dei gode opplevingane

- Vi trefte mange som var positive til det arbeidet IOGT gjer for å skape gode rusfrie møtestadar. Dette at born og unge treng rusfrie vaksne rundt seg, har vi fokus på heile året. Men - når det er sommar har gjerne familiane meir tid saman enn dei vanlegvis har i kvardagane. Då er det ekstra viktig at ferien vert fylt med gode rusfrie opplevingar, seier Lillebø.

I IOGT Region Midt-Norge, som femner om Helgeland til og med Sunnmøre, er det no over 900 medlemer. Berre i Namdalen har organisasjonen vel 90 medlemer.

Alkohol vs «alt inkludert»

Frå dei som kom innom IOGT-standane i Trøndelag desse dagane, var det ei tilbakemelding som gjekk igjen: - Kva kan de i IOGT gjere med at foreldre nyter for mykje alkohol i Syden, slik at borna vert gåande åleine der? Kan de få til eit samarbeid med reiseselskap når det gjeld det å ikkje ha bestillingar med «alt inkludert» når det gjeld drikkevarer på såkalla familieturar og familiehotell? For då er det fleire som drikk for mykje alkohol viser det seg, og det er ikkje bra.

Desse innspela tek regionleiar Per-Arne Lillebø med seg i det vidare arbeidet i IOGT. Han synes det er flott når folk kjem med fine innspel til frivillige organisasjonar, og bryr seg om medmenneska sine på slike gode måtar.