Skrevet av Pål Arne Veien
Har endeleg meldt meg ut av Facebook, det var ikkje veldig enkelt, men, det er nok gjort med ein baktanke.
Facebook er eit såkalt sosialt medium, men det verkar ikkje serleg sosialt. Avstanden millom oss aukar, trur eg. Det fører til auka einsemd, me vert som sauar, alle trur på det same, ingen tør gå mot straumen!
Demokratiet er avgått ved dauden! Det gjer det lett å kontrollere oss (ikkje lenger noko privatliv). Det same gjeld i endå større grad for Instagram, alt skal vera så kjapt og lettvint (tanketomt).
Kven tør poste noko negativt på Instagram? Ingen tid til refleksjon. Det gjer meg temmeleg redd for framtida, serleg med tanke på borna og dei unge.