Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for debattantens egen holdning

Skrevet av Pål A. Veien

Skal det vere slutt på meiningsbryting? Skal det bli vanleg å stenge ut folk med «ukurante» meiningar? Tenkjer serleg på vaksinemotstandarar, og dei som har problem med å tilpasse seg dataalderen. Det er ikkje berre dei over 70 som har problem med det. Smarttelefonen har sine mange positive sider, men den fører også til eit kaldare samfunn. Me vert frårøva den sosiale kontakten, nemleg, inkje mindre. Er me på veg mot ein politistat? Det gjeld å tore å gå mot straumen, ikkje berre følgje viljelaust med hovudstraumen! Det er vel også ein grunn til at det vert stadig fleire «einsame ulvar?» Det er vel litt for enkelt å sperre dei inn på psykiatriske institusjonar?