Det var ein interessant historiekveld. Her er eit lite utdrag frå kåseriet til Steffen Onsøien, med mitt minne og noko av det eg fekk med meg.

Steffen Onsøien og Svein Olav Meistad Foto: privat

Utviklinga av elektrisitet starta med dynamoen og oppfinninga av lyspærer (Edison 1847 - 1931).

I 1884 fekk Trøndelag Bryggeri elektrisk kraft og i 1885 fekk Piene i Buvika ljos i mølla. I 1890 var det Røros Kobberverk som fekk ljos.

I 1885 begynte Laugstol Bruks elektrisitetsverk i Skien å levere strøm til abonnentar. Den seinare statsminister Gunnar Knudsen var initiativtakar til vårt første elektrisitetsverk. Som  elektrisitetsverk regnes bedrifter som ikkje bare produserer strøm til eige bruk, men som og sel elektrisitet til abonnentar.

Sagbergfossen kraftstasjon. Foto: privat

Som statsminister foreslo Gunnar Knudsen mellom anna at staten skulle kjøpe opp fossar. Han var sentral i debatten om Konsesjonslovene og ved opprettinga av Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen.

Leirfossane er to fossar i Nidelva i Trondheim kommune, ca. 7 km sør for sentrum. Øvre Leirfoss har eit naturleg fall på 31,5 meter, og Nedre Leirfoss på 27 meter. Utbygginga av Leirfossane og arbeidet med det kommunale elektrisitetsverket starta i 1899. Dei første abonnentane fekk elektrisk lys 4. nov. 1901.

I 1916 vart Sagbergfossen kraftverk bygd. Det er eit vasskraftverk i elva Vigda i Melhus kommune i Trøndelag. Kraftverket utnytter fallet frå reguleringsmagasinet Ånøya, som er regulert med 2,4 meter. Det er installert to francisturbiner. Installert effekt er 1,2 MW. Årsproduksjon er 4 GWh.

Dette ga som resultat at rundt 1920 fekk Børsa og Skaun elektrisk kraft. Erik Huseby som var lensmann i Buvika i tillegg til gardbruker og mange andre verv, tok initiativ til elektrisitetsforsyning til Buvika.

Møllestener over inngangsparti til Sagbergfossen. Foto: privat

1921 vart Simsfossen utbygd. Simsfossen kraftverk er   eit vasskraftverk ved Eggkleiva i Skaun kommune.

Det utnytter et fall på 17 meter frå innsjøen Laugen.

Installert effekt er 350 kW frå to francisturbiner . Årsproduksjon er 1,5 GWh. Utbygginga av Simsfossen, førte mellom anna til fleire ras i Laugen.  Ragna født Harang var frå Surnadal og gift med Marcus Arentz som var gardbruker på Sim ved Laugen. Ragna hadde eit lengre lesarinnlegg i avisa Nidaros i januar 1921 om Laugens regulering. Ragna var kritisk til utgravinga. Ho var ei driftig dame og reiste mykje rundt i landet og heldt foredrag.

Alltid mange på plass. Foto: privat

Det var først etter Aura utbygging i 1953, at det vart fart i elektrisitetsutbygginga i Skaun. Samlingsregjeringa som vart danna i 1945 nedsette ei nemnd som skulle komme med forslag til å sikre ei god kraftforsyning til heile landet og til så rimelige priser som mogeleg. I 1945 var det ca. 20 % som ikkje hadde strøm, og for Trøndelag var det ca. 25 %, og dersom ein held Trondheim utanom var det 50 % som var utan elektrisk kraft.

Kjøkkenpersonalet denne gang, Kari Bjørnstad, Per Arne Sinnes, Lillian Sandvik og Ingrid Mauseth. Foto: privat

PS. Magnar Estenstad var ein skiløpar som gjekk for idrettslaget Leik på Hølonda. Han vant mange lange skirenn og fekk ein gong ein komfyr i premie. Da svara Magnar Estenstad at det passa så bra for dei hadde akkurat fått elektrisk strøm, det sannsynlegvis i 1953.

Eg har kjøpt boka om Simsfossen og lese den. Gjer du det same. Utgitt av Snøfugl forlag.

Serveringa på dette Torsdagstreffet i Buvik Pensjonistforeining var god laupskaus frå Lykkja kro i Buvika. Til slutt var det åresalg med mange fine gevinstar. Nok eit vellykka pensjonisttreff.