11.februar sa Erna Solberg «vi har forsterket klimaforliket». 20.mai 2016 kom klima-og miljøminister Vidar Helgesen med følgjande påstand: «Regjeringen fører en ambisiøs klimapolitikk og forsterker klimaforliket».

Statistisk Sentralbyrå bruker andre ord: «Etter en mangeårig trend med reduksjon av klimagasser, økte utslippene i 2015 med i underkant av 0,8 millioner tonn CO2-ekvivalenter sammenlignet med 2014». Dette skreiv Statistisk Sentralbyrå same dag som klima- og miljøministeren påsto at regjeringen forsterka klimaforliket.

Auka vegtrafikk er noe av grunnen til at utsleppa aukar. Det har dei siste åra vore satsa kraftig på nye motorvegar og auka bilkjøyring.

Når oljeindustrien i tillegg får alt som dei ønskjer, bør ikkje nokon vera overraska over at Norge ikkje klarar sine klimamål. Sverige, som er mesta dobbelt så mange menneskje som oss, har lågare utslepp. Norge er eit av få land i Europa som aukar sine utslepp. Me risikerar å bli akterutsegla om vi ikkje satsar på eit næringsliv som kuttar i utsleppa.

Det har, som me sjer av utsagna over, ikkje mangla på løfte om eit forsterka klimaforlik sidan regjeringsskiftet, men når ein mangeårig trend med utsleppskutt vert erstatta av aukingar kan ingen seie at klimaforliket er forsterka.

SV vil gjere det enklare og meir attraktivt å velgje miljøvennlege løysingar. Det krev ei stor satsing på utbygging og utbetring av jernbanen, kollektivtrafikk og ein avgiftspolitikk som sikrar at 9 av 10 bilar som vert selde i 2021 er nullutsleppsbilar.

SV vil erstatta bruken av fossil energi i Norge gjennom å satsa på energieffektivisering og fornybar energi. Me vil ha smartare hus – og industriprosessar, og bidra til at norsk industri vert verdsleiande på nullutsleppsløysingar. Me vil sørgje for at Norge tek sitt ansvar og kuttar i utsleppa, ikkje aukar dei slik dagens regjering gjer.

Det trengs ein ny giv i miljøpolitikken, det kan du bidra med ved valet til hausten.

Hølonding