Flotte spor på Jårakjølen

Følg sporet over tre mil om du vil - dra ut på ski!
New Articles

Det er no godt med skiføre og gode spor på Jårakjølen. Med utgangspunkt frå parkeringsplassen ved stavkyrkja på Kolbrandstad, er det meir enn tre mil samanhengande spor til Skaunakjølen og Solsjøbygda i Orkdal.

Ved Morsjøen er det ein flott gapahuk ved trimposten, der det går an å ta seg ein pust i bakken og eventuelt tenne bål og koke seg kaffe. Det er også tilkomst frå Krogstadsetra i Skaun og Snøton i Orkdal.