Leserinnlegg skrevet av Arne Haukås, Kvål

Det pågår ein kampanje av Nye veier for å droppa nytt E6-kryss på Ler.

Statens vegvesen har siste tiåret bygd gårsdagens veg på to plassar i Gauldalen: mellom Melhus og Skjerdingstad; og så mellom Hovin og Støren (Gylland?). Det fører til at det etter kort tid må setjast i gang ny byggeperiode for å utvida frå 2 til 4 felt.

Å bygga vegen i to omgangar medfører dobbel dose av: kostnad, støy, støv, trafikkfare; samt redusert fart og anna ubehag. Nye vegar har planar om å fortsetja slik som Statens vegvesen har gjort det i Gauldalen før.

Å droppa å byggja kryss på Ler no, vil bety at krysset vil tvinga seg fram etter kort tid.

Nye veier er frimodige nok til å be dei fleste gauldalingar om å bruka gamle E6, samtidig som me skal betala bompengar for ny E6, ein veg som dei vil byggja for tungtransport og langpendlarar.

Mi oppfordring til alle gauldalingar er: Ja til kryss på Ler/Ja til tidleg byggestart. (send gjerne ein e-post med denne bodskapen til: Post@nyeveier.no )