Skrevet av Simen Bjørgen, Røros, direktør i Kulturminnefondet

Dei siste dagane har det oppstått ein ny debatt om utflytting av statlege arbeidsplassar. Dette etter vedtak om flytting av aktivitet i Landbruksdirektoratet frå Oslo til Steinkjer. Som ved tidlegare høve er protestane tydelege og motargumenta mange. Kulturminnefondet har no 15 års røynsle med å utvikla ei landsdekkande verksemd med base på Røros. Erfaringane med dette er berre gode.

Om Kulturminnefondet

Resultata av Kulturminnefondets etablering har dei siste åra vore vorte grundige evaluert. Både By- og regionforskningsinstituttet (NIBR ) og Menon Economics har lagt fram omfattande analyser, som konkluderer med at Kulturminnefondet når definerte målsettingar.

La oss difor sjå nærare på nokre kritiske suksessfaktorar, som har vore avgjerande for denne utviklinga.

Godt fagmiljø

Etableringa har vorte ein suksess fordi Røros har etablert eit viktig nasjonalt fagmiljø innan kulturminnevern. Som verdsarvstad med universelle verdiar kviler det store oppgåver på Bergstaden i Fjellregionen. Både Rørosmuseet, Bygningsvernsenteret og Røros kommune er sentrale partar i utviklinga av dette fagmiljøet, som har avgjerande verknad for Kulturminnefondet. Dei siste åra har det ikkje vore uvanleg med 50-60 godt kvalifiserte søkjarar når vi har hatt ledige stillingar. Det kan vere eit luksusproblem å finne den beste kandidaten i den store søknadsbunken. Det er nesten ikkje mogleg å registrere sjukefråvær hjå tilsette, og arbeidsmiljøet er svært godt. Godt over halvparten av dei tilsette er busett i Fjellregionen. Dei andre pendlarar. Det undrar meg når det vert hevda at det skal vere enklare å pendla til Oslo. Mi erfaring er heilt motsett.

Effektiv drift

Kulturminnefondet handsamar i dag dobbelt så mange søknader som vi gjorde for fire år sidan. Dette skjer utan auka ressursar i administrasjonen til søknadsbehandling. Ved å arbeida smartare og meir målretta har administrasjonsutgiftene pr. søknad vorte halvert dei siste åra. Ressursbruken er effektiv. Riksrevisjonen reviderer Kulturminnefondets arbeid, og har ikkje hatt vesentlege merknader til forvaltninga. Våre siste brukarundersøkelsar viser god tilfredsheit med dei tenestene Kulturminnefondet yter. 4 av 5 søkjarar seier at dei ikkje ville gått i gang med restaureringsprosjektet utan denne støtta frå staten.

Stor breidde

Det er no redda over 4000 kulturminne på landsbasis med støtte frå Kulturminnefondet. Det er i tillegg rundt 1200 prosjekt der restaurering no pågår. For kvar krone Kulturminnefondet bidrar med i det enkelte prosjekt, vert det utløyst 3,5 kroner totalt. Dette i form av eigne midlar, eige arbeid og støtte frå andre tilskotsytarar. I sum gjev dette store samfunnsøkonomiske gevinstar. Ein annan viktig effekt er at kulturminne som tidlegare berre sto til forfall, ofte endrar tilstand til ein bruk etter istandsetting. På denne måten får både eigaren sjølv og samfunnet glede av kulturminnet. Vern gjennom bruk er rettesnora for heile kulturminneforvaltninga, og tilskotsmidlar genererer arbeidsplassar og næringsmessige aktivitet over heile landet.

Vertskommunen

Ei positiv og løysingsorientert vertskommune, slik Røros er, har vore avgjerande for utviklinga av Kulturminnefondet. Vi har hatt god hjelp frå kommunen i etableringsfasen, men også etterkvart som ein har kome over i ei ordinær driftsfase. Kommunen fylgjer godt opp gjennom regelmessig dialog og kontaktmøte. Dersom det oppstår behov, kan vi vere trygge på at kommunen engasjerer seg til det beste for å løyse utfordringane. Kommunane i Fjellregionen har også eit godt interkommunalt samarbeid, som betyr mykje for oss. Mellom anna er det etablert eit godt privat/offentleg samarbeid om rekruttering av ressurspersonar til regionen.

Gode samferdselsløysingar

For å fylgje opp prosjekt over heile landet er Kulturminnefondet avhengige av gode kommunikasjonar for å få ei effektiv drift. Røros har godt utbygd kollektivtilbod med regelmessige bussavgangar, som korresponderer med langdistanseruter. NSB har også fleire daglege avgangar med tog både til Trondheim og Hamar. Det viktigaste tilbodet for oss er likevel flyruta. Flyplassen ligg i gangavstand frå sentrum, med god regularitet i rutetilbudet, og med forbindelse til andre delar av landet. Utan dette tilbodet kunne ikkje Kulturminnefondet vore lokalisert til Røros.

Dobla løyving dei siste fire år

Resultata som Kulturminnefondet har oppnådd vert lagt merke til. I løpet av dei fire siste åra er den økonomiske ramma tildelt over Statsbudsjettet dobla. Dette fører til at vi no kan hjelpe langt fleire eigarar av verneverdige kulturminne i gang med sine prosjekt. Dette er særs gledeleg da interessa for å vøle kulturminne aldri har vore større enn den er i dag.

Sluttord

Utlokalisering av statlige arbeidsplassar kan vere eit godt verkemiddel for å utvikle sterke kompetansemiljø også i distrikta. Kulturminnefondets erfaringar er svært gode, og NIBR konkluderer i sin evaluering med at dei ikkje ser nokon grunn til å foreslå sentralisering eller endra organisering eller lokalisering for Kulturminnefondet.

Vi bidrar gjerne med våre erfaringar til dei som måtte ha interesse av dette.

INNLEGGSSKRIBENTEN: Simen Bjørgen fra Rørøos er direktør i Kulturminnefondet Foto: privat